Tur til Nybro 30. mai – 2. juni

Også i år reiste gjengen på Fossnes til Nybro, for å være med på “Kristi himmelfärdsläger”. Det var ein fin og innhaldsrik leir, med nye opplevingar, inntrykk og erfaringar, som me med glede kan sjå tilbake på.

Me stod tidleg opp torsdag morgon 30. mai, spiste nista som me hadde smurt kvelden før, og plasserte både bagasjen og oss sjølv inn i dei to bilane, og så reiste me frå Fossnes ca 07:20. Ferda gjekk så vidare over Oslofjorden med Horten-Moss ferja. Me kom i tide og slapp heldigvis eit lengre opphold på kaien. Det vart ei stille og behagelig overfart over fjorden, med sola stikkande fram bak skyene.

Resten av køyreturen gjekk også svært bra. Dei to bilane haldt seg til same rute og på tross av eit og anna tilfelle der nokon køyrde litt feil, fann alle saman fram til Jönköping der vi tok ein matpause på MacDonalds. Me ankom Nybro rundt halv fem. Det var ei fin mottaking med tale ved Marcus Söderberg og kveldsmat rett etter.

Talarane på leiren var: Marcus Söderberg, Jan Eirik Berre, Gunnar Nilsson, Sigbjørn Agnalt og Per Gustafsson. Temaet for leiren var “Det saliga hoppet”. Det var på leiren tale om Jesu attkome, domen, teikn i tida, himmelen, og Jesus som einaste vegen til frelse. Talarane tok utgangspunkt i ei rekkje tekststader, blant anna: Apg. 16:13-14, Heb. 9:24-26, Luk. 7:36-50, Matt. 25:1-12, 1Tess. 4:13-14, Luk. 11:5-13, Matt. 24:3-14 og Op. 21:1-11.

Det var fine møter med ei klar påminning om at Jesus snart kjem att.

Fredag kveld var det grillkveld, med ekte svensk korv og tilbehør. Det var flott vér, med sol og sommarsleg temperatur. Fleire spel, blant anna kubb og fotball, vart spelt. Den kanskje tradisjonsrike fotballkampen, med fleire pauser og ei rekkje innbytarar, varte samanlagt i fleire timar. Laga var sjølvsagt delt inn i svenskane mot nordmennene. Sjølv om at nordmennene hadde betrakteleg høgare gjennomsnittsalder på laget sitt, leverte svenskane solid motstand, men det vart til slutt ein knepen siger til Noreg.

Etter morgonens siste prediken kl 11:00 laurdag morgon, reiste ein god gjeng på utflukt til Öland. Sola skein og det var passeleg varmt. På Öland gjekk me fyrst ein tur gjennom Nunnedalen, som baud på spanande og vakkert planteliv. Me køyrde så litt rundt på øya, før me hadde ein liten kaffipause. Etter litt kake og kaffi reiste me og såg på Gråborg som også ligger på Öland. Det er i dag tydelege restar av ei svær borg frå omlag 500-talet, som vitnar om ei ikkje alt for fredfull fortid. Til slutt drog me til Kalmar slott i Kalmar. Eit relativt stort og flott slott som låg rett ved havet. Her vart det murvandring og mykje fotografering.

Etter Kalmar var planen å reisa tilbake til Johannesgården, der den einaste svenske bibelskuleeleven i år, Julia Erlandsson, skulle ha ei feiring av 20-årsdagen sin. Alt gjekk etter planen, bortsett frå at Julia og nokre få andre tok ein tur for å sjå på heimstaden hennar. Dette førde til at bursdagsbarnet kom litt for seint til si eiga bursdagsfeiring. På tross av forseinkinga vart det eit fint kalas og ei vellukka feiring, med konkurranse, leik og kake.

Sundag var det tida for heimreise igjen. Etter gudsteneste ved Sigbjørn Agnalt og avslutningsmøte ved Gunnar Nilsson spiste me alle ein god middag, før me pakka saman og måtte seia farvel til våre nye og gamle svenske vener. Turen tilbake var litt lenger enn turen bort, på grunn av eit kort besøk hjå Anders Olsson, som nyleg flytta frå Fossnes etter 10+ år. Turen heim gjekk bra og me kom oss trygt tilbake til Fossnes.

Alt i alt var det ein fin og innhaldsrik leir i Nybro. Det vart ein strålande avslutningstur på eit godt skuleår for elevane på Fossnes. Me kan vera takksame for nye bekjentskapar, minner, opplevingar og ikkje minst ei alvorleg påminning om at Jesus snart kjem att, og at det for kvar og ein gjeld å ha olje på lampa.

Skrevet av Benjamin Varhaug, elev 2018/2019

___________________________

Sommeravslutningen på bibelskolen var 6. juni, og det er også noen bilder fra den i bildegalleriet. Takk for et fint år!