Eit nytt møte med Jesus endrar alt

Det katastrofale hadde skjedd. Han som dei hadde satsa livet på, han som dei trudde skulle forløyse landet deira frå fienden – var borte. Då han vart arrestert, hadde dei alle rømt. No var han dømt til døden – og krossfest på brutalt og forferdeleg vis.

Det var ikkje til å fatte det som hadde skjedd. Motløysa si klamme hand hadde grepe hjarto deira. Dei kjende på sorg, smerte, naud og at dei var forkasta og ubrukelege i tenesta for Herren. Dei opplevde nærast at Guds rike gjekk under.

Bibelen gjev oss ikkje alle detaljar, men slike tankar som er skissert over, kunne nok gjerne røre seg i læresveinane sitt indre etter det som skjedde på langfredag.

Tilbake til fiske
Så går det ei tid, og me møter Peter og nokre av dei andre på Genesaretsjøen att. Dei var igjen byrja å fiske. Dei følte seg gjerne ubrukbare i tenesta for sin Herre og meister, og no var dei attende på sjøen for å gjere noko dei kunne.

Så møter me dei etter ei lang natts fiske. Resultatet var magert:

«Men den natta fekk dei ikkje noko.» (Joh 21:3)

Den same følelsen av mismot gjorde seg gjerne gjeldande også her. Dei kjende seg ubrukbare i Herrens vingard, og no følte dei seg gjerne også ubrukbare som fiskarar. Dei opplevde det gjerne som at alt vart stengt og håplaust.

«Då det alt lei mot morgonen, stod Jesus på stranda. Men læresveinane visste ikkje at det var Jesus.» (Joh 21:4)

Dei forstod ikkje at det var Herren.

«Då seier Jesus til dei: De har vel ikkje noko fisk, born? Nei, svara dei. Han sa til dei: Kast garnet på høgre sida av båten, så får de fisk!» (Joh 21:5-6a)

Denne mannen som står på land, omtalar dei som born, og han ber dei kaste garnet ut på motsatt side nær inne ved land. Det var mot all sunn fornuft, men likevel gjer dei det.

Tidlegare erfaringar
Kanskje Peter tenkte på hendinga nokre år tidlegare som også skjedde her ved Genesaretsjøen. Det var natta før han vart kalla til læresvein av Jesus. Då hadde dei også fiska heile natta, men ikkje fått noko.

Då hadde Jesus sagt:

«Legg ut på djupet og kast garna ut til fangst.» (Luk 5:4)

Dei var erfarne fiskarar, og visste at det å kaste ut garnet midt på dagen på djupet var bortkasta. Då ville dei ikkje få fangst.

Men mot all sunn fornuft, og mot all menneskeleg erfaring seier Peter:

«På ditt ord vil eg kaste ut garnet.» (5:5)

Resultatet var overveldande! Dei fekk så mykje fisk at garna heldt på å rivne!

Då Peter den gongen møtte Jesus på stranda, hadde han falle ned for han og sagt:

«Gå frå meg, Herre! For eg er ein syndig mann! For han og alle dei som var saman med han, var skremde av fiskefangsten dei hadde fått.» (Luk 5:8-9)

Dei forstod at dei hadde med Gud å gjere.

Men då hadde Jesus vendt seg til Peter og sagt:

«Ver ikkje redd! Frå no av skal du fange menneske. Dei rodde då båtane til lands, og dei forlét alt og følgde han.»

Slik hadde tenesta saman med Jesus byrja, men no var alt annleis.

Det er Herren
Når dei no er ved Genesaretsjøen att, står det ikkje noko i Bibelen om at Peter kom i hug det som hende då dei forlet alt og følgde Jesus – men det er slåande likskapar. No kastar dei igjen ut garnet på eit ord frå ein ukjend mann som står på stranda – mot all sunn fornuft.

Kva skjedde? Herren fylte garnet med store fiskar! Herren fylte all deira lekamlege trong! Åndeleg sett kan me tenkje på David når han bryt ut:

«Herren er min hyrde, det vantar meg ingen ting.» (Sal 23:1)

Når Herren talar, då vert fokus flytta bort frå meg og mitt, og til kva Herren er og gjer!

Då bryt Johannes ut: Det er Herren! Med eitt kjende dei han att!  Impulsiv som Peter var, kasta han seg i sjøen og sømde til lands. Peter fekk eit underleg møte med Jesus – der synd vert synd og han måtte seie til Jesus – du veit alt! På nytt lyder kallet: Fød sauene mine.

Søren Kierkegaard seier:

«Gud skaper alt av intet, og alt Gud bruker gjør han først til intet.»

Slik er det med frelsa og slik er det med tenesta. Det er ei livslov i Guds rike. Slik er det Herren oppdreg sine, det vitnar heile Skrifta om, og det er berre i lys av Skrifta at ein kan forstå at det er slik.

Difor er det slik at når Herren skal gjere nokon brukbar i sitt rike, då gjer han dei ubrukbare i eigne augo. Me kan berre tenkje på tornen i kjødet som Paulus sleit med – så fekk han høyre frå himmelen:

«Min nåde er nok åt deg, for mi kraft vert fullenda i veikskap.» (2 Kor 12:9)

Kvifor skulle det vere slik? Jau, så Kristi kraft kunne bu i han.

Dette erfarer menneske gjennom heile Skifta, og dette er noko ein kristen også må erfare gong på gong i sitt liv. Jesu vil oppøve sine til å vere avhengige av han i alle ting (Joh 15:5) – og difor seier også Herren til sine:

«Lat i alle ting bøneemna  dykkar kome fram for Gud» (Fil 4:6)

Skatten i leirkar
Paulus vitnar også vidare om den same erfaring og seier:

«Me har denne skatten i leirkar, så den rike krafta skal vere frå Gud og ikkje frå oss sjølve. På alle vis er vi trengde, men ikkje stengde; rådville, men ikkje rådlause; forfylgde, men ikkje forlatne; nedslegne, men ikkje utslegne. Alltid ber vi med oss Jesu død i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra i lekamen vår.» 2Kor 4:7-10

Kjære truande ven! Miss ikkje motet når du kjenner alt er stengt, og du føler deg ubrukbar i tenesta. Gå til Jesus med di naud! La Herren igjen få tale til deg gjennom sitt ord og sine løfter, og du vil få erfare at han som tok seg av utslåtte og mismodige disiplar, han kan også ta seg av sine vener i dag.

Skrevet av Dag Rune Lid