Eg formanar dykk altså, brør, ved Guds miskunn, at de byd fram lekamane dykkar som eit levande og heilagt offer til Guds hugnad. Dette er dykkar åndelege gudsteneste. Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at hugen dykkar vert oppattnya, så de kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det som han har hugnad i, det fulkomne. Rom 12:1-2.
Skikka dykk ikkje likt med denne verda. Det er nok ei formaning vi verkeleg treng, ikkje minst i vår tid. Vi skulle ikkje leve som verda. Det er så farleg om vi blir hengjande fast i denne verda og denne verdas ting. Denne verda er farleg. Kor lett er det ikkje at ting i verda får makt over oss. Kristus gav seg sjølv for våre synder for å fri oss ut frå den noverande vonde verda (Gal 1:4), ikkje for at vi skulle bli i verda.
Eg trur vi treng ei samvitsvekkjing i blant oss kristne, der samvitet vert vekt opp, så verdslegheit vert verdslegheit, og synda vert synd. Riktig nok er vi kristne frie i slike ting som ikkje er synd. Men det er ikkje alt som gagnar og byggjer opp. Og vi skal ikkje la noko få makt over oss (1Kor 10:23, 6:12). Og så må vi ikkje leve slik med våre liv at våre kristne brør og systrer støyter seg på oss. Vi må ikkje med våre liv føre den i fortapinga som Kristus er død for. Er vi villige til å gje avkall på fridomen vår om den fører andre til fall?
Og kva er det du fyller livet ditt med? Kva les du? Kva høyrer du på? Korleis vitnar du med livet ditt? Korleis er det med forholdet ditt til slike ting som film, TV, Internett, musikk osv.? Om du fyller deg med det som kjem nedanfrå, er det fare for at lampen din sloknar, livet med Gud dør ut, om det ikkje alt er døydd ut, eller om det i det heile er noko liv der. Og så vert du ståande utanfor når Jesus kjem att for å hente sine heim til seg.
Men vi treng i staden å verta fylte med det som kjem ovanfrå, med Guds ord. Og så treng vi å verta oppattya, verta fornya i trua på Jesus, ved at vi går inn for Guds åsyn i vedkjenning av synda vår. Og så treng vi på nytt at evangeliet vert openberra for oss. At vi får sjå opp til han som har sigra over verda (Joh 16:33), og over alle fiendane våre. At vi må få sjå og akte på at vårt gamle menneske er krossfesta med Kristus, og at vi som trur på Kristus ikkje lenger lever sjølv, men Kristus lever i oss (Rom 6:6 og Gal 2:20).
Og så er det eit mektig våpen mot denne verda for oss kristne, og det er å gje seg sjølv i teneste for Jesus og hans evangelium. Å, kor vi treng hjarter som er satt i brann av Jesus. At det måtte bli ei tvingande makt i oss at fleire måtte verta frelst. At vi kunne vitne med Paulus:
Kristi kjærleik tvingar oss ( 2 Kor 5:14).
Og at vi i alle ting måtte ha evigheitsperspektivet for augene våre, og sjå på i dei forskjellige situasjonar som møter oss; kva er det som gagnar både meg og nesten min, så både nesten min og eg må nå frelst heim til Jesus.
Bibeltekst: Norsk Bibel 1994 Nynorsk
Skrevet av Steinar Guddal

