Bli-kjent-tur Fossnes Bibelskole

Frå 1.-9. september var bibelskulen på Fossnes på skuletur til Sørlandet. Det var ein innhaldsrik tur der me var innom ulike severdigheiter, i tillegg til at me fekk mogelegheit til å verta endå betre kjent med kvarandre.


Haugli

Eigentleg skulle turen vera frå onsdag til laurdag. Då yr melde godt vêr på onsdagen, og ikkje så fint resten av veka, vart det i fellesskap vedteke at turen skulle bli framskunda slik at me kunne nytta det fine vèret på fjelltur. Ikkje mange timane etter bestemminga, kom me oss av garde. Me kom fram til Haugli seint tysdags kveld. Dagen etter køyrde me nordover frå Haugli til Preikestolen. Framskundinga resulterte i at me fekk strålande sol på turen opp til Preikestolen. Det var nydeleg utsikt frå toppen. Etter ein flott tur i vakre omgjevnader, bar det sørover att til basen i Flekkefjord. Kveldande på Haugli gjekk med til konkurransar, spel og andre sosiale aktivitetar.


Knutemor(far)

På torsdagen var planen å gå tur på heia ved Fossdal. Då vêret vart ganske surt, blei det heller ein tur innom Reidun Irene og Olav Fossdal. Der fortalde Lars Fossdal litt om historia til garden. Me åt og spelte spel òg, i tillegg til å hjelpa til å få sauane inn i floren. Turen gjekk vidare på shopping i Flekkefjord, og tilbake til Haugli.

På kvelden hadde John Peder Samdal møte på Sira. Der deltok fleire av elevane med korsong. På fredagen var me turistar langs kysten. På vegen frå Flekkefjord til Nærbø, gjekk turen innom både Jøssingfjorden og Sogndalstrand. Me fekk sjå husa som står inn under fjellveggen, utsikt over Jøssingfjorden, Sørlands-skjærgard og i tillegg vart det matpause ved Ruggesteinen.


Husa ved Jøssingfjorden

Me vart ynskt velkomen på Nærbø Bedehus då me kom. Pizza frå Pizzabakeren til kveldsmat før møtet slo ikkje feil då det var nokre timar sidan førre måltid. På Nærbø hadde Per kveldsmøte. Der òg song koret. Etter møtet køyrde med tilbake til Haugli. På laurdagen bar det opp att mot Stokke. Takk for ein flott tur!

Skrive av Mirjam Lid (elev)

Flere bilder fra turen finner du her.