Har fått komme inn i eit godt kristent fellesskap

Eit år på bibelskule har gjeve meg mange gode venner og rike og nyttige erfaringar. Det er eit år der eg har fått studere Guds ord og fått komme inn i eit godt kristent fellesskap. Set stor pris på dei personlege samtalane som har vore av uvurderleg betydning for meg. Har også vore fint med bibelgruppe med samtalar om Guds ord utifrå Kolossarbrevet og Filipparbrevet.

På bibelskulen har det blitt halde fram at alt som står i Bibelen er Guds ord, og at heile Bibelen  handlar om Jesus. Det har vore stort å få sjå Jesus i GT. Vi har gjennom undervisninga fått høyre at vi er fortapte syndarar i oss sjølv. Det hjelper ikkje å prøve å lappe på det gamle menneske. Vi treng ein stedfortredar, og vi treng å få eit nytt liv. Og det har Gud gjeve oss i sin eigen Son, ved at han sona våre synder, oppfylte lova for oss og vart reist opp til vår rettferdiggjering (Rom 4:25). Og når vi kjem til tru på Jesus, får vi del i Jesu liv. Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet (1Joh 5:12).

Men etter syndefallet har vi ikkje lenger nokon fri vilje, og kan ikkje velje Gud utifrå oss sjølv. Det finst ikkje ein som søkjer Gud etter sitt gamle menneske (Rom 3:11). Men gjennom sitt ord kallar og dreg Faderen oss til Jesus (Joh 6:44). Og så får vi komme til Jesus slik som vi er, med all vår synd og elendighet.

Så kan det vere mykje som skjer i livet og gjennom eit år på bibelskulen, som kan gjere livet vanskeleg. Og ein kan kjenne på svikt og brist og føle dommen over sine synder. Men då er det godt å vite at mitt forhold til Gud ikkje kjem an på korleis eg har det eller føler det, men kva eg har i Jesus. For min fred med Gud den har eg i Jesus. Han er vår fred (Ef 2:14). Og vi som trur på Jesus, har i Jesu blod ei stadig reinsing frå syndene våre. Ingen synd vert tirekna oss, for alt vart tilrekna Jesus. Og det å få vere ein kristen er å vere i Kristus og dele kår med han, slik at alt hans blir mitt, likesom alt mitt vart hans.

Steinar Guddal, Naterstad, elev skoleåret 2021/22.