Det som ingen ting er

Det dåraktige i verda, det valde Gud seg ut for å gjera dei vise til skammar. Og det som er veikt i verda, det valde Gud seg ut for å gjera det sterke til skammar. Det som er lågt i verda, det som er vanvørdt, det valde Gud seg ut, det som ingen ting er, for å gjera til inkje det som er noko – for at ikkje noko kjøt skal rosa seg for Gud.  1Kor 1:27-29
Dåraktig, veikt, lågt, vanvørdt, og ingen ting er. Dette ser vel ikkje så gjevt ut for oss. Men dette er det Gud har valt seg ut. Vi vil så lett rosa oss av det vi er i oss sjølve, eller det som Gud brukar oss til. Vi ynskjer å bli sett opp til og bli æra av andre menneske. Vi vil så gjerne vera noko. Dette ligg så naturleg for oss menneske. Og slik er det i denne verden; det er om å gjera å vera best, vera sterkast, vera raskast, vera finast, ha den flottaste bilen eller båten osv. , slik at vi kan bli sett opp til av andre.

Og på samme måten er det naturlege menneske i sin religiøsitet. Det vil vera noko overfor Gud. Det var dette djevelen innplanta i oss menneske i den fyrste freistinga då han sa:
De vil verta som Gud og kjenna godt og vondt. 1Mos 3:5.
Mennesket vil sjølv bli som Gud, slik at det kan stå for Gud med det som det er i seg sjølv, og dermed bli rosa av Gud. Men Jesus seier:
Den som vil berga livet sitt, skal missa det. Matt 16:25.
Den som vil verta retferdig overfor Gud med noko han sjølv kan vera eller gjera, vert ståande utanfor Guds rike.
Nei, vi har ingenting å rosa oss av overfor Gud. I Jes 43:24 står det:
Du har berre trøytta meg med syndene dine, og gjeve meg møde med misgjerningane dine.
Det er det vi har å vise til i oss sjølve. Men Jesus held fram med i Matt 16:25:
Men den som misser livet sitt for mi skuld, skal finna det!
Den som er kommen til kort i alle ting, som ikkje kan få det til verken å vera eller å leva som ein kristen, blir det ikkje lenger noko dårleg å ingen ting vera. Men det at Jesus tek seg av den som ingen ting er, blir det største av alt. Og alt det som vi manglar, har vi fått i Jesus.
Ja, vi har fått alt, alt i Jesus. Alt det vi treng både for å bli ein kristen, leva som ein kristen og å nå frelst heim til Jesus.
For det er hans (Guds) verk at de er i Kristus Jesus, han som for oss har vorte visdom frå Gud, rettferd, helging og utløysing, så at – som skrive står: Den som rosar seg, han rose seg i Herren! 1Kor 1:30f.
Skrevet av Steinar Guddal