Trur du på «fake news»?

Trur du på «fake news»?

Du fekk kanskje med deg eit oppslag i slutten av februar på nrk.no. Det  var fortalt om ein mann frå Mandal som med metalldetektor fann ein gullring frå vikingtida i ein åker. Tusenar av nordmenn har sett oppslaget, og det han fortel i videoen.

Eg trur ikkje det var ein einaste av dei som såg dette som var i tvil om at det var nokon som hadde laga denne fine ringen for 1000 år sidan.

Ei av dei enklaste cellene i menneskekroppen består av fleire milliardar deler. Vårt DNA ligg her, og det er ein unik kode for kvart einaste menneske på kloden. Du og eg som menneske har 1 billiard(1 000 000 000 000 000) ulik celler i kroppen vår.

Trur du at ei slik celle har vorte til av seg sjølv? 80 prosent av det norske folk trur det. (forsking.no) Dei trur på evolusjonsteorien. Wikipedia seier:

«Evolusjonsteorien er den vitenskapelige forklaringen på hvordan evolusjon (dannelsen og endringen av arter) foregår.»

Charles Darwin utgav i 1858 boka «Artenes opprinnelse». Her presenterer han evolusjonsteorien. Darwin meinte det måtte finnast eit stort antal med mellomformer, og at seinare fossilfunn ville bekrefte dette.

Det vil seie overgangar frå hund til katt, frå hest til kyr, frå apekatt til menneske osv. og at ein med tida ville finne disse. Når alt har sitt utgangspunkt i ei «urcelle» burde det vore eit stort antal mellomformer. No er det gått 160 år, og sjølv om ein har funne 200 millionar fossilar, har ein ikkje funne mellomformer som kan tilfredsstille krava til slike mellomformer. Logisk sett måtte ein kunne finn eit enormt antal med slik mellomformer også i dag om teorien er korrekt.

Ei anna «fake news» som er svært utbreidd i dag, seier at barnet i mors liv berre er ein celleklump. Denne løgn har vore gjenteken i over 40 år etter at fosterdrapslova vart innført. I dag viser derimot teknologien oss flotte bildet av barnet i mors liv. Forskinga viser også at ved samansmelting av egg- og sædcelle er alle arvestoffa våre fastlagde.

Kva står i det første kapittelet i Bibelen?

«Gud skapte menneske» (1 Mos 1:27)

Joseph Goebbels, Hitlers propagandaminister var av mange rekna som eit geni med tanke på å formidle nazistane sin propaganda. Han forførde nær sagt heile det tyske folk.

Kva sa han?

«Dersom ein repeterer ei løgn ofte nok, vert den til slutt ei sanning.»

Nazistane er eit levande bevist på at det var sant – slik er det. Gjentar ein løgna mange nok gonger, trur folket det.

Frå syndefallets dag har ein enno dyktigare propagandaminister enn Goebbels forkynt «fake news». Det er djevelen, han som vert kalla løgna sin far. Det var han som fann opp «fake news» som han første gong presenterte for Eva, det som fekk så forferdelege konsekvensar i syndefallet.

Heilt frå borna er små, frå barnehage og skule vert det repetert igjen og igjen at menneske har utvikla seg frå ei urcelle – frå big bang for 14 milliardar år sidan. Når denne løgn har vorte innprenta i vårt folk i fleire generasjonar – trur folk løgna. Det er Goebbels sine ord som går i oppfylling igjen og igjen.

I dag tek me livet av 2-3 skuleklassar ved våre sjukehus kvar einast arbeidsdag, og slik har me helde på i over 40 år. Me har drepe over ein halv million nordmenn på disse åra. Me kunne seie med profeten Jeremia:

«Gjev hovudet mitt var vatn, og auga mitt ei tårekjelde! Då ville eg gråta dag og natt over dei drepne i folket mitt.» Jer 9:1

Det er tragedie det som er skjedd og skjer.

Når David skal fortelje om fosteret i mors liv i Salme 139:16 seier han:

«Dine augo såg meg då eg berre var eit foster. I di bok vart dei skrivne opp, alle dei dagane som vart fastsette då ikkje éin av dei var komen.»

Gud har ein plan med kvar einast menneske han har skapt, både hjå dei som ikkje fekk leve og for ditt og mitt liv. Gud gi at du og eg måtte få leve i denne plan med våre liv.

Tru ikkje løgnene frå djevelen! Ein dag skal alle menneske stå til ansvar for Guds domstol, innfor han som har skapt dei. (2 Kor 5:10) Det einast som då kan berge deg og meg, er at me har fått teke imot han som gjorde opp for alle våre synder med sitt eige blod, då han nagla skuldbrevet fast til Golgata kross. (Kol 2:14)  Enno er det nådedag, og enno står han og ropar:

«Kom til meg, alle som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvile.» Matt 11:28

Skrevet av Dag Rune Lid