Sjølvbedrag

I Bibelen les me om nokre som var med i forsamlinga i byen Sardes.

Ein dag får dei brev frå ein eldre forkynnar som hadde ein bodskap frå Herren til dei. Bodskapen var kort, men klar:

Eg veit om gjerningane dine, at du har namn av å leva, men du er død. Vakna opp … (Joh Op 3:1)

Me kan gjerne spørje – korleis hadde du som vedkjenner deg kristen tru reagert om du fekk ein slik bodskap frå han som ser alt, kjenner alt, veit alt?

Disse i Sardes levde i sjølvbedrag, og Ordet vart ikkje lenger motteke som i den fyrste tid då dei kom til tru. Dei nytta fortsatt Guds ord i det ytre, men kristendommen hadde gått frå liv til teori hjå dei.

Nokre var gjerne aktive i forsamlinga, medan andre gjekk av gamal vane, atter andre var sjeldnare å sjå mellom Guds folk. Likevel var bodskapen til dei klar: Namn av å leve, men du er død. Sjølvbedrag.

Men Jesus hadde omsorg for deira sjel, og prøvde å vekkje. Difor seie han til dei: «Eg veit.» Han såg sanninga, og kor «skoen trykte». Så talar han sanning til dei om deira åndelege sjølvbedrag. Han vil så gjerne få vekkje dei opp og berge dei heim.

Kva kjenneteiknar desse menneska i Sardes? Dei trudde dei var på himmelveg, sjølv om dei var på veg til fortapinga. Skjedde det ikkje noko omvending, ville dei ein dag slå sine augo opp der ormen aldri døyr og elden aldri sloknar. Sjølvbedraget er noko av det mest tragiske eit menneske kan leve og døy i.

Me møter ein parallell i GT. Det står om dommaren Samson at «han visste ikkje at Herren hadde vike frå han.» Dom 3:20  Ytre sett tek ein gjerne ikkje av frå vegen, men det skjer eit indre fråfall som ikkje noko anna menneske ser.

Kva var det så som hadde skjedd med Samson? Han inngjekk fred med synda. Guds ord fekk ikkje lenger rom. Han gjorde Den Heilage Ande sorg. Til slutt måtte Anden vike frå livet hans.

Skulle du vere ein av dei som lever i sjøvbedrag. La deg vekkje opp før det er evig for seint. «Kom difor i hug korleis du har teke imot og høyrt. Hald fast på det og vend om!» 3:2 Slik lydde Jesu kall til dei. Resultatet av Guds tale til desse i Sardes står det ikkje noko om  – men i dag er den åndelege død som råder i heile dette området.

Oscar Anfelt skreiv for litt over 160 år sidan:

Vokt meg vel på ferden, redd jeg er for verden, redd jeg er for meg! Den som deg har vunnet, rette veien funnet, kan forville seg.

Anfelt kjende på ein frykt for verden, synda og sitt eige kjøt. Slik er det for den som lever i lyset med sitt liv også i dag. Då er ein redd for sjølvbedraget.

Så avsluttar han:

Før ditt verk til ende, Regn og sol du sende, Bruk de råd du vil, Bare du meg fører Så til sist meg hører Himmelrike til.

Måtte det få vere di og mi bøn også – då kan Herren få halde oss vakande her og føre oss trygt heim.

Skrevet av Dag Rune Lid